Dina Tornerre er skammarens dotter. Ho har gåva til mor si. Saman med mor si og syskena, storebror Davin og lillesyster Melli, bor dei i eit lite hus i skogen utanfor Bjørkeby. Dina er ikkje heilt einig i at det er ei gåve, ho skulle verkeleg ynskje at nokon kunne sjå ho i auga.
Når ein har opna boka "må" ein berre lese. Det er spanande og lett å leve seg inn i. Noko som gjer det vanskeleg å legge ho frå seg, ein berre må vite korleis det går. Boka er første bok i ein serie, og når ein kjem til slutten vil i alle fall eg gjerne høyre meir om Dina og kva som hender vidare. Boka er skriven på nynorsk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar